Kjøkkenøyer og andre dagar
I dag møter jobb-Ingrid - ho som snakkar så bræit som ein kvar austefjording (så ikkje ein drope av trøndersk tonefall får sleppe forbi), er folkeleg og ljovial, høglytt og "veldig artig" - ein vegg. Eg trur eg vil kalle den ein vegg av velvære. No skal ikkje Ingrid på jobb før fredagskveld, noko som med andre ord kan kallast fire døgn FRI. Ingrid pustar ut.
Eg sit ved mi nyleg gjenoppdaga kjøkkenhalvøy og skodar utover den rotete stova mi, som eg for augneblinken har heilt for meg sjølv. Her er det fint. Musikken strøymer frå tivoliradioen min, og minner meg på kor høgt eg ein gong elska "no doubt". Ei gryte med havregraut og rosiner putrar på omnen og eg har te i ein stoooor kopp. Herleg! I tilegg har eg faktisk planar for dagen, planar som inneheld berre meg og meg: joggetur, bibliotekbesøk, chai-te-kjøping, veggisburgerlaging og eting, kanskje Heroes-sjåing og i allefall lesing.
Men no heilt fyrst skal eg skrive litt om den siste veka mi i Volda, for trass ein del jobbing har eg vore meir Volda-sosial denne veka enn noka anna tid denne sumaren. Og eg har jo faktisk lova bloggen min å skrive om volda-livet slik det utartar seg når ein har venar heime, så difor skal eg det.
Det heile starta med bursdagsfeiring ein tysdagskveld, med mengder heimelaga, fruktige drinkar og høg, dansbar musikk, tihi. Det blei mykje ventande kjærleik og frykt for is denne kvelden, noko som gjorde meg i veldig tipp-topp stand til tidlegvakt neste morgon. Og når ei tidlegvakt kan ta ein heilt til Nordfjordeid, til shopping og solskinn, kan ein faktisk ikkje klage, men heller settje på seg solbrillene og drikke pent opp kaffien sin, medan ein syng med på: "Sommer de e de æ vil ha, sommer de e de som e bra..."
På Torsdag hadde Oda og Ina eit nydeleg, innandørs hageselskap. "Innandørs hageselskap!!!!!????" tenkjer du kanskje, og ristar oppgitt på hovudet. Men det funkar faktisk kjempefint! Og å kunne kunsten å flytte utandørsaktivitetar inn, er ein veldig bra ting når ein er volding, då regnet har ein tendens til å ikkje ville slutte å drype i denne bygda. Vi fekk frykteleg gode kaker: ei sjokoladebombe av Ina og rømmekake av Oda. Og kakene, i tilegg til rips/rom/chili-muffins og sjokolademousse-eting, og ein del vindrikking, gjorde oss både mette og glade og klare for ein tur på bygda. Vi endte opp på Treet, av alle stadar, der høglytt snakk og adjektivhistorier heilt sikkert gjorde oss til særs populære gjestar, ein torsdags-sumaraften.

Jobbing i helga har vore ein fest for seg sjølv. Eg og Gjertrud jobba saman, berre oss to, både laurdagskveld og søndagsmorgon. Dette førte til ein del turgåing, pizzabaking, safarikjeks-eting, ei lang natt med gode kameratar (der eg blandt anna byrja å forstå kor bra ei kjøkkenhalvøy faktisk er - meir om den sidan) og veldig få timar søvn, og så, sist men ikkje minst: mengder med kaffedrikking, og heldigvis litt vaffleeting i tilegg.
Så avslutta vi helga på beste vennindevis, med samling rundt halvøya mi. Kjære Linnea dro på interail og kunne desverre ikkje komme, men resten av F-R-O-S-K leika familie, og åt pannekaker - ferske frå steikepanna, med nyrørt blåbærsyltetøy (og for Oda sin del, mykje, mykje krem) på. Då eg i tilegg fekk bruke mine nylærte mjølkesteemings-kunnskapar og lage chai-latte til oss, vart kvelden ein storsukse, noko som vart feira med popkorn og draumereising, ved hjelp av globus. Når vi er 50 år skal vi forresten på vennindetur til Kazakhstan, der det skal solast og drikkast og levast ved bølgjekanten av det kaspiske hav. Eller noko slikt. Kven veit vel med Kazakhstan?

Tenk kor både stor og lita verda eigentleg er
Og no sit eg altså her, i den vesle heimeåleineutanjobbførfredag-bobla mi og har det mest veldig fint. Halvøya, som er så fin å omringast med utalte koppar te, nysteikte baguettar med mengder sjokoladepålegg, koseleg sladder og oppfinnsomme samtaleemner, har ein aura rundt seg av venskap, ro og glede, og gjer det difor heilt umogleg å kjenne seg åleine i dette store, "tomme" huset. I tilegg ringte nettopp mommo og avslørte sine planar om å mate meg med ball ein dag. *Glis*

John Ingen
27.jul.2009 kl.15:50
27.jul.2009 kl.21:51
Ida Truse
28.jul.2009 kl.13:50