i ei lita bergensk leiligheit
Stoltzen var målet, og som den sunnmørsjenta eg er, var eg ganske rask til å dømme turen opp dit til "særs kort" og "grusomt enkel". Men halv-vegs oppe i bakkane måtte eg vedgå at eg hadde undervurdert dette Bergens-fjellet eit lite hakk. Det var bratt. Verkeleg stupbratt. Og med den farta og energien eg la etter meg dei første 500 metera, var eg nok dømt til å mislykkes. Ny-innkjøpt astma-medisin eller ei - eg var nærare mitt første astma-annfall enn nokon sinne tidlegare. Den eine treningsnarkomanen etter den andre sprang pesande forbi meg, med pulsmålare og i-podar klistra både her og der. Medan eg stadig måtte stoppe opp for å gispe i meg nok oksygen til at mine verkande bein skulle fungere. Men med syre heilt ned i tærne og rallande andedrag slepte eg meg likevel stadig vidare oppover. Aldri i livet om eg skulle gje meg halvvegs opp på ein slik liten "pingle-topp". Det ville svidd for lengje.
Herleg nok viste Stoltze-kleiven seg å vere verdt kvar ein liten kalori. Med utsikt over heile Bergen og vidare ut i havet, slappa lungene mine endeleg av, og eg dro inn alt det friske oksygenet eg berre kunne få plass til - medan solstrålar kitla meg på armar og augelokk.

Men med fjelllufta blåsande frisk rundt øyrene kom etterkvart ei velkjendte rastløyse av fjelloppdagingsenergi krypande. "Vidare - vidare!" ropte noko inni meg, og som alltid måtte eg berre lyde. Ein kan ikkje kjempe mot slike krefter, når ein har all tid og plass i verda. Eg hoppa vidare, bort ein sti og inn ein veg, og vips var minna om den tunge klatreturen langt vekk og forsvunne. Sola haldt fram med å kitle - litt kjølig, som blanda med ei aning kriblande haustluft. Og då eg kjendte at eg faktisk hadde det godt heilt ned i tærne, byrja den vesle mymla i meg med eit å drøyme om skogskledde stigar å leike "gøyme og leite" iblandt. Då eg nesten hadde nådd den velkjendte Fløyen, vart kallet mot skogen for sterkt, og eg hoppa inn ein liten side-stig, og forsvann inn i ein mystisk blåbærskog av lyng og furu.
Medan eg hoppa og snubla og sklei (Bergen = ganske vått og sleipt) nedover bratte skogstrasear, mellom grøne furukroner og store rotvelt, kjendte eg at no byrja eg faktisk å kjenne meg ganske heime. Og i medvind, i sang mot motbakken, snubla eg med eit inn i den gata som den siste veka har byrja å bli litt mi. Det rykka nøgd til i nøkkelen rundt halsen min medan eg dansa meg heilt inn, i ei lita bergensk leiligheit fylt opp av radiolydar, havregryn, stearinlys og appelsiner. Inn i ei lita bergensk leiligheit, som faktisk er litt mi.

Det er nok framleis litt tid igjen til haust og novembermørke tek heilt over byen. Eg vil framleis nyte meir varme og fleire sumar-pils, før den tida kjem. Men eg vil likevel avslutte den første posten frå mitt nye bergens-liv, med å (nok ein gong) sitere frå boka "sent i november" av Tove Jansson. For eg kjenner meg så mymlete, her eg rotar og vimser rundt i denne vesle trappeoppgangen. Og Mymlen tenkjer jo så mykje fint:
"Det finnes ingenting som er så deilig som å ha det bra og ingenting som er så enkelt." (...) "En kan ligge på en bro og se vannet strømme forbi. Eller løpe, eller vasse gjennom en myr i de røde støvlene. Eller krype sammen og lytte til regnet på taket. Det er svært lett og ha det koselig."

I dag har eg lært at alt dette er mogleg til og med når ein bur i ein av landets største byar. I ei lita bergensk leiligheit. Bland fjordarmar og fjelltoppar, som bokstaveleg talt tek pusten frå deg.















